FagartiklerFagartikler

Din guide til effektiv styring og utvikling av bedriften.

Prøv gratis
Vigdis Jordal
Daglig leder i Hjertebank Vigdis Jordal

Kvinnedagen - utan maktgnål

8. mars - Den internasjonale kvinnedagen - kampen for likskap, inkludering og maktfordeling. Har feiringa av dagen gått ut på dato? Kva med å flytta fokus frå makt til kraft - og la dagen heite Villkvinnedagen?
Publisert i anledning kvinnedagen 8. mars 2007

Den uforutsigbare frie villkvinna viser at sanseleg innsikt og krafta i seg sjølv er nok til overvinna fordommar og bidra på eigne premissar. Det er derfor framleis gode grunnar til å markera dagen. Framgang for kvinner er framgang for alle - også frå eit globalt synspunkt.

I høve det internasjonale kvinneåret i 1975 vart kvinnedagen etablert. Tanken med dagen er å ha fokus på diskriminering av kvinner og å framheva retten kvinner har til å delta i den økonomiske, politiske og sosiale utviklinga.

Teoretisk sett har vi kome langt i Norge. I praksis er det eit stort gap. Det er framleis glør igjen i bålet etter heksebrenninga - som vi prøver å sløkja med mykje prat om likestilling og styrekvotering. Kanskje fordommar om kven som kan utøva makt, er ein årsak til at kvinner er underrepresentert i styrer. "Herrekoden" er tatt i bruk i forsøket på å bli sett og høyrt. Vi brukar dei same kulturelle kodane som menn har etablert. Etter år med stripete dressar og drakter vil kvinner finna sin eigen veg - den kvinnelege. La oss rett og slett ta med urkvinna på jobb, og bruka heile spekteret av fargenyansar.

Kvinner med makt er ikkje særleg ulike frå menn med makt. Makt gjer noko med oss. Derfor er det ingen garanti for balansen å få med fleire kvinner i styre og stell. Det å bruka makt til å få viljen sin igjennom kan leda til eventyrstien, -men også til trollet i djupe avgrunnen.

Hulda Garborg skreiv i Verdens Gang i 1898: "Men samfunnets plikt og mål er blitt å bortsivilisere det ville og store, det opprinnelige og farlige, dyreinstinktene hos kvinner som hos menn, og gjør dem til beherskede, nyttige husdyr".

Forandring i kraft

Kva med å flytta fokus frå makta til kraft? Det handlar om deg sjølv, ditt indre plan, verken meir eller mindre. Sørg for å vera "tilstades" i eigne opplevingar, bli kjent med deg sjølv, reflekter. Tør å vera tydeleg - med ekta begeistring.

Påklistra godt humør på ei ytre maska skapar ubalanse og er avslørande. Mange tar for mykje omsyn til kva dei trur andre forventar og korleis dei trur andre vil at dei presenterer det dei har på hjarta. Vi blir styrt av det ytre, jobb beskrivelser, normer og reglar, utan å begrunna det i eksistensen. Det er lett å lukka for indre stemningar og bli distrahert vekk frå møtet med oss sjølve. Om det passar med intuisjonen. Om det passar med hjertebanken.

Vi speglar oss i møterommet og elles i verda. Vi blir meir og meir like og gir kvarandre strukturerte og politisk korrekte tilbakemeldingar. Dessverre ofte utan anerkjennelse for den herlege, glade, engasjerte og kreative personen du er!

Når du forstår og er ærleg med deg sjølv er det lettare å vera tilstades for andre. Fridom trur eg er ein svært viktig verdi for positivt påfyll og vekst. Ein filosofi med personleg innsikt og bruk av eigen kraft kan bidra til godt klima med skapande handlingar. La oss dyrka at vi er ulike og dela raust av essensen i livet. Bruk kreftene på å sansa og oppleva!

Kven er villkvinna - eigentleg?

Villkvinna er den livgjevande krafta i oss. Ho finst på botnen av sjela vår, ofte tynnsleten, gravlagt under eit tjukt lag av tam sivilisasjon. Difor må ho kallast på. Sansane til villkvinna er skarpare, ho ser klarare og føler djupare. Ho er både pusekatt og ulvekvinna - alt vi treng for å leva, og for å gje slepp på forventningar og gamle sjølvpålagde grenser.

Den uforutsigbare Villkvinna viser at krafta i seg sjølv er nok - utan å gå med uniformert drakt, høge hælar, imponera med power point presentasjonar - eller utrygge korte skjørt - eller dress. Villkvinna bidreg på eigne premissar. Utan maktgnål. Utan gnål om kvotering. Utan gnål om likestilling. Bidra på eigne premissar. Slik menn alltid har gjort. Slik vil livet i manesjen, om du er midt i, eller på utsida av sagflisa, vera i balanse både økonomisk og menneskeleg. Sjølv med begge kjønn på rollelista.

Slik kan villkvinnedagen markerast - frå makt til kraft - ved å løfta blikket og bruka den indre krafta - også til å bidra i eit større globalt perspektiv ved å hjelpa fattige kvinner til å skapa sin eigen leveveg. Gjennom det hjelper vi også barna som er framtida i verda.